Monday 30 April 2007

Young pupils and the multimedia computer

Helge Leonhardt og Klaus Birck
«Young pupils and the multimedia computer»

Helge og Klaus jobbar på kvar sin barne og ungdomsklubb. Det dei ofte såg der var at borna satt ved pc´ane og spelte diverse spel uten noko form for produktivitet eller læring. Dette tykte dei var litt lite gjevande for borna, og fann ut at dei måtte gjere nokre forandringar.

Resultatet vart å bruke dataen, men fjerne internett og spel. I stadenfor la dei inn på musikkprogram som Acoustica og Acid. Borna fekk ei enkel grunnopplæring i bruk av data og måtte ta ein test for å få «førarkort» til dataen. På den testen måtte dei vise at dei kunne opne, lukke, lagre, kopiere og lime inn på dataen. Etter gjennomført og vellukka test fekk dei eit førarkort.

Tanken bak det heile var at borna skulle vere produktive og bruke sin eigen kreativitet. Acoustica er eit musikk program som er svært enkelt å bruke, og høver godt for born i alderen 7-10 år. Programmet kan spele, ta opp og ein kan klippe og mixe i programmet. Acid er òg svært enkelt å bruke og fungerar godt til å lage musikk. Borna lærte raskt å bruke desse programma, og dei lærte mykje av å sjå på kvarandre. Litt rettleiing frå dei vaksne var alt som skulle til.

På den eine fritidsklubben lagde dei ein «nærradio» som dei la ut på internett. Denne heitte «Hjelmrode Fritidhjems digitale nærradio» og var basert på borna sine verk. Nokre musikkinnslag, ein del intervju og mykje moro. Ein såg òg at musikkprogramma vart brukt i kombinasjon med andre aktivitetar. Borna lagde gjerne musikk til dans, song og drama.

Både Helge og Klaus var svært fornøgde med prosjektet sitt. Borna sat ikkje lenger apatiske forann ein skjerm og spelte spel, dei brukte heller kreativiteten og hjernen til å lage noko. Lasse på 12 år reflekterer over den nye situasjonen og seier:
« Når eg spelar pc-spel ser eg berre på skjermen utan å tenkje. Medan med acid brukar eg hjernen og tenkjer over det eg gjer. Eg lærer noko!»
Borna klarar det meste sjølv, men det kan vere viktig å ha nokre vaksne som er kompetente og som kan inspirere. Eit lite dytt i riktig retning er alt som skal til.

Til slutt i foredraget tok dei opp stemmene våre og lot oss sjå og høyre korleis Acid fungerte. Acid er ikkje eit gratis program, det kostar ca. 50 usd. Men ein kan bruke acidexpress som er gratis.



Synnøve

1 comment:

Jon Inge said...

Høyres ut som eit bra alternativ til dataspel. Problemet er berre at det er tvilsamt at det å bruke desse musikkprogramma er like avhengigskapande som dataspel som til dømes World of Warcraft. Målet måtte vere å lage eit musikkprogram som kunne konkurrere med dei mest artige dataspela. Diverre blir nok ikkje det å lage musikk nokonsinne like underhaldande som å drepe små dvergar og ekorn som spring rundt...