Monday, 30 April 2007

Evaluating creative work in digital musics

Ian Stevenson
«Evaluating creative work in digital musics»

Ian er lærar ved Digital Music, på University of Western Sydney. På Digital Music kurset, skal studentane lære om historien til musikkteknologien, dei skal lære diverse studiotekninkkar og program, komposisjon og design. Oppgåvene dei får går mykje ut på å bruke eigen kreativitet gjennom komposisjon og framføring. Komposisjonar skal t.d bli levert på cd eller web, og framføringane deira (performance works) skal vise originalitet og sjølvstende.

Under foredraget fekk vi sjå nokre klipp frå studentane sine framføringar. Sally Hill hadde valgt å lage lydeffektar til film, og under framføringa hadde ho med seg ei som gjennomførte ein nøye planglagt koreografi/dramatisering til Sally sine lydeffektar. Ein anna student spelte el-fele, medan dataen transformerte lyden inn til ein anna pitch. Michelle Stead hadde gjeve komponeringa si eit tilfeldig utfall. Under framføringa hadde ho med eit sjølvlaga «rulletthjul» som bestemte kva lyd ho skulle spele av.

Å skulle vurdere denne form for utdanning skulle vise seg å bli veldig vanskeleg. Ian Stevenson har difor teke på seg den tunge oppgåva å utarbeide retningslinjer for vurdering. Han seier sjølv at noko som var svært vanskeleg, var å svelge sine eigne musikkverdiar og kriteriar for god/dårleg musikk. Studentane sine framføringar var ofte svært utradisjonelle, til tider bråkete og gav ikkje mykje meining for dei utanforståande. Likevel kunne ikkje ein berre dømme etter eit slikt inntrykk, ein måtte sette ned detaljerte kriterier for kva ein skulle sjå etter og kva som burde vere med.

Ian ramsa opp nokre personlege ufordingar han fekk gjennom arbeidet med evaluerings skjemaet:
- Å overkome personlege fordomar
- Oppmuntre til å ta risikoer, men å samstundes verdsette kompetanse og kvalitet
- Oppmuntre til tema-prosjekt som styrka studenten si indre stemme
- Å la vere å gje restriksjonar på utstyr og instrument. Viktig å verdesette variasjon.

Institusjonen fekk òg nokre utfordringar. Hovudsakleg var det lite tid til evalurering og det var generell usemje om kva kriterier som burde setjast. Resultatet vart ei svært omfattande og detaljert evaluerings liste. Her kunne lærarar og studentar lese gjennom punkt for punkt og sjå kva som skulle til for å oppnå toppkarakter.

Via arbeidet med kriteriane har Ian funne ut kva han sjølv arbeider med og kva han si rolle på skulen er. Det same har skjedd med studentane, dei forstår kva han gjer. Ingen av studentane har gjeve noko negativ tilbakemelding, men det er alltid dei som velgjer å gje blaffen i kriteriane og heller satse på eigne impulsar og eigne standpunkt. Ironisk nok så er det mange av desse som får dårlig karakter på skulen, som gjer det godt som performers rundt om i verda.

Det einaste Ian saknar etter at desse vurderingskriteria kom på plass, er diskusjonen rundt kva som bør belønnast og kva som ikkje er like viktig. Før dei hadde fått på plass ein vurderings-guide, var det stadig ein diskusjon mellom lærarane og studentane. No har det blitt heilt stilt. Alle godtar kriteriane.


Synnøve

2 comments:

Jon Inge said...

Slike kriterier burde me ha i Noreg også. Då eg gjekk drama mellomfagstillegg i Brisbane fekk me nett same kriteriene vedlagt karakterane våre, ei karakter på kvar av kriteriene og til slutt altså ei samla karakter. På denne måten fekk me vite kva me hadde gjort bra og kva som var mindre bra og kunne på den måten forbetra oss på ein meir effektiv måte enn om me ,som i Noreg, berre hadde fått ein karakter utan anna tilbakemelding.

Synnøve said...

Ja! Kjempe enig!! Korleis skal vi utvikle oss og bli betre når vi ikkje får vite kva som var gale? Dessuten hadde det vore grådig greit å ha slike kriterier å forholde seg til elles òg, slik at vi veit kva dei ser etter og kva som blir bedømt på eksamen. Det hadde vore litt lettare å forberede seg då!