Thursday 1 May 2008

Learning Outcomes for the training of music teachers in schools

meNet er ei gruppe på fire, som freistar å finne ut kva kompetansemål ein kan kreve av ein ferdig utdanna musikkstudent/musikklærar. Gruppa består av Sarah Hennessy, Exeter (UK) & Franz Niermann, Vienna (AT) & Adri de Vugt (NL) & Isolde Malmberg (AT).

Dei går på kryss og tvers av nasjonar, for å utforske kva nivå ein kan legge seg på. Det er nemleg store skilnadar på kor godt musikkutdanninga er etablert i dei ulike landa. Heile 11 europeiske land, 24 aktive institusjonar (slik som t.d. universitet, skular, undervisningsmyndigheter o.l), samt 70 partnarar av andre slag er i samarbeid med gruppa meNet.

Dei har hittil kome fram til eit utkast som tek for seg tre hovudkategoriar av kompetansemål. Dette er A) Musikalsk og didaktisk kunnskap og ferdighetar, B) Generell pedagogisk kompetanse C) Kunnskapen om livslang læring.

I kategori A legg dei fokus på breidde i kompetansen, dette vil sei å ha kunnskap om ulike felt innan musikk, som t.d.sjangrar, tradisjonar og teknologi. I kategori B er det snakk om å kjenne til ulike måtar å lære frå seg på, ulike måtar å evalurere på og korleis ein skal forholde seg til foreldre. Kategori C fokuserar på at ein skal ha oppnådd kompetanse til å kunne utvikle seg sjølv, at ein kan halde fram læringa gjennom resten av livet.

Vi tykkjer foredraget var informativt og bra. Det er interessant å sjå kva kriterier ein kan setje for nyutdanna musikklærarar. For dei som er interesserte, sjå websida deira www.menet.info

Synnøve & Anne Margrethe

1 comment:

Anonymous said...

Takk for interessant informasjon