Jan Ferms foredrag.
Jan Ferm var ein artig svenske som kom frå ein skule i nord Sverige. Foredraget hadde han valgt å kalla for musikk og utdannelse i relasjon til samfunn, utøvere, musikere og kulturer.
Mottoet han jobba under var at barn lærer vaksne å undervise.
Han ville at barn fritt fram skulle få komponera sin eigen musikk, og at læraren ikkje blanda seg så mykje inn med dette arbeidet, men heller var der og nærmast observerte. Han argumenterte med at det er viktig å ta barns ynskjer seriøst, og at me ikkje alltid tek barn seriøst når det kjem til musikk og komponering i musikk. Han fortalte at barna fekk benytta seg av cubase, eit data/sequencer program som er svært populært. Dette er ganske vanskeleg, avdi det er så mange moglegheitar. Erfaringa har vist at borna klarar seg svært bra som unge komponistar, dei er kreative og tenkjer ofte på ein genuin måte.
Anders og Åsmund
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Tror mottoet var "kids tell adults what to play". Kor "artig" er det for borna å seie "undervis meg slik"? Anders og Åsmund er to artige nordmenn. Elles alt rett! Koz
Post a Comment